Flint – fajanse – vitroporselen = Figgjo, nå også på museum

Nå har vi vaska, fotografert, registrert og pakka meir enn 11 000 koppar, tallerkar, kanner, krus og fat.

Dei er laga på Figgjo Kraftsselskap AS (1941 – 1949), Figgjo Fajanse AS (1949 – 1967), Stavangerflint (1946-1967),  Figgjo Fajanse – Stavangerflint AS (1968 – 1979), Figgjo AS. Den store innsamlinga blei avslutta i 2014. Då tok me imot gjenstandar som var i produksjon det året. Sidan firmaet er i drift, har vi avtale om å suplera samlinga etterkvart.
Vi har også overteke dei historiske arkiva til dei ulike bedriftene, inkludert materiale frå Stavangerflint før 1968. Det betyr at vi også har fotosamlingar frå bedriftene. Alt materialet er under ordning og vil bli formidla på Digitalt museum. Du finn serviser frå Figgjo Fajanse på 1950-talet og 1960-talet  i første omgang.