Ferietilbod og aktivitetsveker

Både Vitengarden og Grødaland tilbyr gilde ferietilbod for skuleelever i sommarferien. Ferietilboda er i samarbeid med Hå kommune.

Ferieklubb på Grødaland

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På Grødaland skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i skogen, spikka og byggje hytte, laga forskjellige ting, kle oss ut, spela rollespel frå ”gamle dagar”, snekra og mykje meir. Me lagar mat og serverar frukt kvar dag.

Alder: 1. – 7. trinn (skuleåret 2017/2018)

Kor tid: Veke 26, 27, 32 og 33. Måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.

Pris: kr. 1500,- per barn

Påmelding: Følg lenka her. Påmelding er bindande, og frist er 1. mai 2018.

Det er begrensa plass og det er «første mann til mølla» som gjeld.

 

 

Vitengardsferie på Vitengarden

Opplev ei unik veke på Vitengarden. Me vil vera i lag med dyra på garden, hoppe i høyet, bruke tid i utstillingane, utføre spennande eksperiment både ute og inne, finna innsekt i vatnet ved garden Audamotland og studera dei i mikroskopet, det blir laging av mat i skogen og mykje meir. Servering av lunsj og frukt kvar dag.

Alder: 3. – 6. trinn (skuleåret 2017/2018)

Kor tid: Veke 26, mandag 25. – fredag 29. juni, kl. 9.00 – 15.00.

Pris: kr. 1500,- per barn

Påmelding: Følg lenka her. Påmelding er bindande og frist er 1. mai 2018.

Det er begrensa plass og det er «første mann til mølla» som gjeld.

Her er nokre glimt frå ferietilbodet tidlegare: