Besøkstal 2020

Jærmuseet hadde naturlegvis ein nedgang i besøk for 2020 samanlikna med 2019.

Museet måtte som alle andre stenga dørene 12. mars 2020 grunna Covid-19. Vitenfabrikken og Vitengarden opna igjen opp for barnehagar og skuleklassar første veka i mai, og for publikum generelt 20. juni. Dei andre musea opna gradvis frå 23. mai.

For heile året, besøkte 119.249 gjester Jærmuseet. Dette inkluderer alle 12 musea. Dette er ein nedgang på 37% frå 2019. Før nedstenginga i mars, låg museet godt framfor 2019-tala.

Besøksrekordar i sommar

Til trass for ein stor nedgang totalt, var det fleire lyspukt i løpet av året. Sommaren vart langt betre enn venta, med besøksrekordar i juli for både Vitengarden, Vitenfabrikken og Flyhistorisk Museum Sola. Mange la ferien til Rogaland og det merka musea godt. Kampanjar vart kjørt ut i forkant av sommaren saman med blandt andre Barnas Rogaland og Region Stavanger. I tillegg hadde Flyhistorisk Museum fleire nyheiter – i forkant av sommaren opna Torpedoverkstedet med utstillinga «Fortellinger fra andre verdenskrig» og det var «roll-out» av Messerschmitt Bf-109. I tillegg fekk museet mykje merksemd 2. juni i samband med «heimkomsten» av det tidlegare Braathens-flyet, DC-6B, på Sola. Flyet vart flytta til museet 4. august.

Strenge smittevern gjorde at det i juli var restriksjonar på kor mange gjester ein kunne ta inn. Særleg på Vitenfabrikken var det fleire dagar i sommar der det var fullt.

Utover hausten har det vore jamnt besøk i helgene, men med ei merkbar nedgang med innstramingane som kom i november.

Normalt kjem 30% av dei besøkande i Jærmuseet, frå skular og barnehagar. Her var det stor etterspurnad om å koma men grunna smittevernstiltak som å ikkje blanda skular og storleik på grupper, begrensa besøket seg deretter.

Bedriftsmarknaden var fråverande heile sommaren og hausten. Derimot såg museet ei auke i privat utleige til konfirmasjon, dåp, bryllaup og minnestunder.

Besøkstal per avdeling