Besøksrekord i 2013

Jærmuseet hadde besøksrekord i 2013. Totalt 181 450 besøkande har vore innom dei ulike avdelingane i museet, ei auke på 4% frå 2012. – Det er særs gledeleg at me på sjuande året på rad kan melda om aukande besøkstal, og sidan 2007 er gjestetalet tre-dobla, seier direktør Målfrid Snørteland.

Klasselatter

Biletet viser elever frå Bryne VGS under spelet STRID på Garborgsenteret, eit tilbod som trakk mange vidaregåande skular i 2013. Fotograf: Ingeborg Skrudland

Auken skuldast i hovudsak Garborgsenteret som i 2013, hadde sitt fyrste, heile driftsår. Det er òg gledeleg å sjå – trass i bygging av nye utstillingar og til tider stengte utstillingsområde – at Vitenfabrikken klarer å matcha tala frå 2012 med 74 148 besøkande. Både Vitengarden, Science Circus, Flyhistorisk Museum Sola, Rogaland Krigsthistoriske Museum, Haugabakka og Vistnestunet viser høgare besøkstal i 2013 enn året før. Det var ein nedgang på Tungenes Fyr, som skuldast at ein i 2012 hadde fleire tusen innom på eit særskilt arrangement og at ein starta sesongen seinare enn vanleg grunna oppgraderingar i hovudbygningen.

Last ned detaljert oversikt over besøkstala her.

2013 var eit år med mykje aktivitet, og fleire store utstillingar vart opna på fleire av avdelingane. På Vitengarden opna utstillinga «Kongelige kjøretøy 1905-1945. Frå Berliner til Buick», og på Vitenfabrikken opna to nye store utstillingar, 100% Energi og Det ska svara seg. Begge desse utstillingane har blitt godt mottekne og store og små gjester engasjerer seg i stasjonane.

Vandreutstillinga «Så gjør vi så… Klesvask i 100 år» vart utvikla av museet i 2013. Denne skal i år bli vist på Vistnestunet i Randaberg.

Utstillinga om kongelige kjøretøy vert ståande ut mars, og like etter sommaren skal Vitengarden òg opna si fyrste utandørsutstilling om energi som vil vera interessant for både lokale og for turistane til regionen.

Det er mange spennande planar for 2014, med aktivitetsdagar, foredrag og nye utstillingar ved dei fleste avdelingane.

For meir informasjon, kontakt direktør Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361 / msn@jaermuseet.no eller marknadssjef Elin Ravndal Bell, telefon 908 03 864 / erb@jaermuseet.no