Atle Fiskå tilsett som ny direktør i Jærmuseet

Styret i Jærmuseet har tilsett Atle Fiskå som direktør for Jærmuseet. Fiskå tek over etter Målfrid Snørteland, som går av med pensjon våren 2022 etter 36 år i direktørstillinga.

Atle Fiskå (49) kjem frå stillinga som leiar ved Lerang Forskningsstasjon i Skretting ARC. Før det har han blant anna arbeidd som avdelingsdirektør i Museum Stavanger (MUST), som dagleg leiar i Akvamiljø AS og forskingssjef i IRIS. Fiskå har doktorgrad frå det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og ein cand.scient.-grad i zoologisk og human fysiologi frå same universitetet.


Styreleiar i Jærmuseet, Endre Skjørestad, er særs godt fornøgd med at Fiskå takka ja til direktørjobben. «Fiskå har solid bakgrunn som forskar, og har ein kompetanse som gjer han kvalifisert til å leia og vidareutvikla museet si rolle som regionmuseum og som regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Samstundes har Fiskå museumsfagleg bakgrunn og solid leiarerfaring. Han kan visa til gode resultat i dei rollene han tidlegare har hatt. Jærmuseet skal realisera fleire større prosjekt framover, blant anna Maritimt vitensenter i Randaberg. I dette arbeidet vil Fiskå sin kompetanse og tidlegare erfaringar vera til særs god nytte», seier Skjørestad

Fiskå sjølv tykkjer det vert spennande å ta fatt på den nye rolla. «Eg gler meg først og fremst til å bli kjent med dei mange dyktige kollegaene i Jærmuseet og saman med dei vidareutvikla denne viktige kunnskaps- og formidlingsinstitusjonen», uttaler han.

Fiskå startar i Jærmuseet våren 2022 etter nærare avtale.

Kontaktpersonar

Endre Skjørestad (Styreleiar i Jærmuseet)
Telefon: 911 16 128, e-post: e.skjorestad@haver.no

Atle Fiskå (nytilsett direktør)
Telefon: 959 21 264, e-post: atle.fiskaa@lyse.net