Årboka: Byggeskikk, fly, porselen, barn, Garborgs galningar

Jaermuseet omslag 2012

Kva er eit grindbygg? Har du høyrt om flyet dei henta opp frå Hafrsfjord etter 70 år? Eller dei 10 000 koppane og tallerkane frå Figgjo? Og ungane i hå – kva lurer dei på? Kanskje på Garborgs galningar? Du kan lesa om alt dette i den nye årboka vår – Sjå Jæren 2012.

Siv. ark. Helge Schjelderup har gjennom fleire tiår arbeidd med m.a. bygningsvern og byggeskikk – både i Rogaland og elles på Vestlandet. Han har særleg arbeidd med å dokumentera grindbygg (på Vestlandet) – ein typisk byggeskikk for ulike typar uthus i vår lands-del. Jærmuseet er glad for at me har fått deler av dette interessante materialet som han har samla gjennom desse åra. Me ønska å publisera ein artikkel bygd på det Helge Schjelderup har skrive om grindbygg i ulike publikasjonar. Helge har skrive om hus på heile Vest­landet, men her har me konsentrert oss om eksempla frå Rogaland.

Årets bok presenterer ei sak som alt har gått verda over som nyhende i fagmiljø. Då er det kjekt å presen­tera historia for ein vidare lesarkrets. 2. juni 2012 utspann det seg dramatiske ting i Hafrsfjord – ein flyv­inge braut vassflata etter 70 år på havbotnen. Ville ein klara å få flyet velberga på land? Kva skjedde vidare? I åra framover vil Jærmuseet samarbeida med Flyhis­torisk Museum Sola om dette spennande flyprosjektet dei har arbeidt med i mange år. Første kapitel om det tyske krigsflyet Heinkel He 115 kjem i år. Artikkelen er skriven av Johan P. Petersen i samarbeid med vår nye faghistorikar Sondre B. Hvam som har arbeidsplassen sin både på FMS og Rogaland Krigshistoriske Museum.

Ein heilt annan tilvekst siste året er dei 10 000 tallerkar og koppar frå Figgjo AS som me er iferd med innlemma i samlingane. I årboka for 2011 presenterte me Turi-design frå Figgjo. I år presenterer med sjølve nestoren blant dekordesignarane i denne keramiske bedrifta. Rolf Frøyland begynte som dekoratør og var leiar av designavdelinga då han blei pensjonist i 1994 etter snautt 50 år i bedrifta.

«Ongane i Hå, ka lure dei på?» – ikkje i gamle dagar, men i dag. Museet vil gjerne vera med å svara på det, derfor har me i fleire år samarbeidd med Hå kommune om å få til ein vitensenterbarnehage på Vitengarden. Lurer du på kva det er? Les artikkelen til førskulepeda­gog Tormod Aas.

Det nye Garborgsenteret blei opna av kulturminister Anniken Huitfeldt 5. september. Gonzo Johnsen, formidlar på Garborgsenteret, starta «nedteljinga» ein månad før med lanseringa av «Garborgs galningar». Frå 7. august og fram til opningsdagen blei det kvar dag publisert ein ny episode av denne dramatiske forteljinga på heimesidene våre. Nå kan du lesa heile forteljinga her i årboka.

– Frå forordet i boka

Kor kan boka kjøpast?
Boka kan kjøpast i butikkane på Vitengarden, Vitenfabrikken og Garborgsenteret i tillegg til:

Hå Gamle Prestegard
Bok og Media Krogedal (Nærbø)
Norli M44 (Bryne)
Notabene Magneten (Ålgård)
Notabene Jærhagen (Klepp)
Notabene Maxi (Sandnes)
Norli Langgata (Sandnes)
Norli Kvadrat (Sandnes)
Vatne bokhandel (Sandnes)