Antioksidantar og frie radikal. Mat og vitskap i norske vekeblad i 2006.

Eit prosjekt om bruken av naturvitskap i vekeblada.

I dette prosjektet spurde me: kva skjer når ord frå kjemien, biokjemien eller ernæringsvitskapen skal inn i ein populærkulturell kontekst? Kjeldene var vekeblad frå 2006, og me studerte bruken av naturvitskaplege ord og uttrykk i reklamar og artiklar med mat som tema. Det blei diskutert i forhold til vekebladet Alle Kvinners Blad frå slutten av 1950-åra.

Gjennom bruken av naturvitskaplege ord og uttrykk, og referansar til ekspertar, blei bodskapen truverdig. Samtidig blei det ein avstand frå tekst til lesar. Det blei skapt eit bilde av kroppen som ei maskin som vi kan få til å verke ved å legge på rett brensel. Og dersom noko er ute av balanse, kan mat verke som medisin. Molekyla bar med seg ei kraft til å reparere, førebygge, eller øydelegge, og dei får eigenskapar som gode eller vonde.

Vitskapen blei brukt som det passar, han står for noko truverdig når han oppdagar gode tind. Det gir fakta, sanning og kvalitet. Vondskap når han raffinerer og fjernar oss frå det naturlege.

Prosjektet var ein del av eit fellesprosjekt i musea sitt samtidsdokumentasjonsnettverk. Det blei publisert i artikkelsamlinga redigert av Odd Are Berkaak et al. 2009. På sporet av den tapte samtid. Artikkelen Anitoksidantar og frie radikal blei skriven av Anne Jorunn Frøyen. Sjå også Anne Jorunn Frøyen. 2009. Me et så grævligt mykje i Sjå Jæren, årbok for Jærmuseet.