8. mai markering i Sola

Frigjeringsjubileet og Veterandagen vart markert på Åsen og i Sømmevågen i Sola, eit samarbeid mellom Jærmuseet og Sola kommune.

Markeringa starta på Åsen der ordførar Tom Henning Slethei først la ned krans på minnesmerket over dei russiske krigsfangane, Deretter var det kortesje med militærhistoriske kjøretøy frå Åsenbatteriet til Sømmevågen, kor det vart ei fin markering på plassen utanfor Torpedoverkstedet, kor Jærmuseet snart opnar utstillinga «Fortellinger fra 2. verdenskrig».

Dei unge skodespelarane Heine Røines og Feline Fredrikke Poulson frå Rogaland teater framførte hhv monologane om den unge russiske krigsfangen (på Åsen) og motstandskvinna Solveig Bergslien. Trompetist Gwyn M. Evans sette ei fin ramme på dagen.

Eit begrensa publikum, med god avstand, fekk omvising inne i utstillingane etterpå.

Her kan du sjå film som oppsummerer markeringa:

 

Og her er dagen oppsumert i bilete, teke av Jan-Erik Holmen.