Det er Fredrik Motland Kirkemo og Jørn Hafver, til dagleg pedagogar for Science Circus, som tok initiativet til å bruka 3D-printarane i Jærmuseet til denne dugnaden. Arbeidet som vert gjort er frivillig, og nå er fleire kollegaer med på printinga. Jærmuseet bidreg med det som trengs av utstyr.
Tysdag vart dei første 50 visira levert til Helse Vest. Dei melder om eit stort behov, og fleire bestillingar framover.
Starta på Facebook
Utgangspunktet for 3D-printinga, vart starta på Facebook-gruppa “3D-printere for assistanse til helsevesenet under Covid-19”. Her har alle som har ein 3D-printar i heile landet, blitt oppfordra til å vera med på dugnaden. Nærmare 1000 visir er så langt produserte, og gruppa veks stadig. Bestillingar kan meldast inn på følgjande skjema: https://3d19.no/mediawiki/index.php/Bestillingsskjema