1,4 millionar kroner til Jærmuseet

Jærmuseet mottok måndag 25. januar ei gledeleg melding om at museet får nærare 1,4 millionar kroner i gåveforsterkingsmidlar frå Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet innførte ordninga med gåveforsterking i 2014. Museum som får ei pengegåve over 100.000, kan søkje Kulturdepartementet om statleg gåveforsterking på 25%. Målet er å motivera museum til å arbeida for å få inn fleire private midlar. 

Jærmuseet søkte for seks gåver som museet fekk i 2020. Samtlege søknadar vart innvilga, og museet får dermed nærare 1,4 millionar kroner som vil gå direkte inn i dei ulike prosjekta.

Gåvene som museet søkte om var følgjande:
  • Kr. 3.800.000  frå Ludv. G. Braathens fond til kjøp og utvikling av utstilling i utrangert Braathensfly DC-6B, Flyhistorisk Museum Sola
  • Kr. 250.000 frå Aker Biomarine til kjøp og utvikling av utstilling i utrangert Braathensfly DC-6B, Flyhistorisk Museum Sola
  • Kr. 150.000 frå venneforeninga Flyhistorisk Museum Sola til kjøp og utvikling av utstilling i utrangert Braathensfly DC-6B, Flyhistorisk Museum Sola
  • Kr. 750.000 frå Sandnes Sparebank sitt gåvefond til ny astronomiutstilling, Vitenfabrikken
  • Kr. 500.000 frå Sparebankstiftelsen SR-bank til mezzanin i nytt underjorisk magasin ved Nærbø
  • Kr. 137.403 frå Stiftelsen UNI til brannsikringstiltak på museumsanlegga til Jærmuseet
Pengane kjem godt med

Direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, er særs nøgd med tildelingane:

«Jærmuseet har mange gode samarbeidspartar som støttar opp om utviklinga av museet og publikumstilbodet vårt. Det er ekstra motiverande både for oss og for dei, at Kulturdepartmentet belønnar dette arbeidet med gåveforsterkingsordninga. Pengane vil koma godt med i utviklinga av nye og spennande publikumstilbod på fleire av anlegga våre, i tillegg til sikringstiltak for bygg og gjenstander».

For ytterlegare kommentarar, kontakt direktør Målfrid Snørteland:

telefon 913 90 361 / msn@jaermuseet.no

Foto av DC-6B: Reidar Årstad