Den internasjonale museumsdagen 2025: -me har ein aktiv samfunnsrolle

Tema for den internasjonale museumsdagen 2025 er «Musea si framtid i samfunn som endrast fort». Les kva Jærmuseet direktør Atle Fiskå tenkjer om dette temaet.

-Fokuset er på musea si rolle i samfunn som opplev auka hastigheit av sosiale, teknologiske og miljømessige endringar. Det kan jo bety så mangt, fortel Fiskå og utdjupar:

-for oss betyr det auka fokus på mangfald, merksam kring musea si bruk av KI og korleis musea kan vera brubyggjarar mellom samfunnsproblem, forsking og folk, slår Fiskå fast.

Omsyn til mangfald i museumspublikummet: – Kven føler seg velkommen?

Eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga musea har, meiner Fiskå, er å sikre at kunnskap er tilgjengeleg for alle – ikkje berre dei som kjenner seg heime i tradisjonelle kulturinstitusjonar frå før.

– Me stiller ofte spørsmålet: «Føler alle besøkande seg velkomne hos oss?» For å finne svar på det må med fyst forstå korleis marginalisering har vore praktisert i historia.

-Historisk har skeive, folk som ikkje er kvite, kvinner eller folk med funksjonsvariasjonar (kognitive og- eller fysiske) blitt eksplisitt utstøytt gjennom undertrykkande idear kring homofobi, rasisme, sexisme eller funksjonsnedlatenhet.

-Desse diskriminerande haldningane har bidrege til å forhindra deltaking i høgare utdanning og arbeid, det er ikkje mange tiår sidan at kvinner ikkje skulle ha løna arbeid og fleire blir i dag fortsett diskriminert i jobbsøknadsprosessar på bakgrunn av namn.

F.v: utstillingsvert Shamini Albert Raj, museumslektor Hanne Madsen

– Dette har bidrege til at det historisk har ofte vore høgt utdanna personar med lite erfaring med å bli diskriminert, som endar opp i  besluttningsposisjonar.

-Om ein besluttningstagar ikkje har erfaring med sjølv å bli utsett for marginalisering, så kan det vera utfordrande å sørgja for at ein ikkje vidareførar storsamfunnet historiske marginalisering av ulike grupper når ein skal legge til rette for eit museumstilbod.

-Noko er kanskje openbart i dag, til dømes er det nå eit krav om at nye museum og vitesentre skal vera tilgjengeleg for folk i rullestol, men det har ikkje alltid vore slik.

-I Jærmuseet har me stor takhøgde for å snakke om dette temaet, som gjerne vert kalla blindsoner, og eg trur at desse diskusjonane er noko av det som styrkar vårt tilbod ovanfor det mangfaldet av eit publikum me jobbar for, både i dag, men også i framtida.

Teknologi: Frå bildearkiv til kunstig intelligens

Samlingsforvaltar May Tove Nyrud i arbeid med å katologisera visttkort frå Jæren, hausten 2024

På teknologifronten skjer det mykje, og Jærmuseet er godt i gang med å digitalisere og modernisere fotoarkivet. I 2025 begynn me å ta i bruk eKultur DAMS, eit digitalt arkivsystem for museum gjennom Kultur IT.

– Me har eit enormt bildearkiv, og no utforskar me korleis kunstig intelligens kan hjelpe oss med å sortere og rydde opp i det. Til dømes har me tilsette som brenn for denne tematikken og har komet med gode forslag til korleis me kunne ha nytta ein KI-modell til å fjerne duplikatar eller uklare blider. Eit slikt verktøy vill nok spart oss for mykje tid som me kan bruke på anna viktig dokumentasjons- og utstillingsarbeid, forklarer Fiskå.

KI med varsomhet

Laserkuttar i full gong med å gravering på Vitenfabrikken.

Det er også viktig å vere varsam i møte med KI, ein av våre tilsette, som me har tilrettelagt skal få ta master i Digitale samfunn ved UiS, har råda oss til å vera forsiktig med kor mykje me skal lene oss på KI i framtida.

– Det finst ein reell risiko for at me bind oss til verktøy som seinare kan bli for dyre eller utilgjengelege, dersom det kjem statleg regulering av datasentera som ofte er naudsynt for å tilby nok datakraft til å drifte ulike KI modellar.

-Skulle ulike KI teneste i framtida blir for dyrt, kan det bli vanskeleg å gå tilbake til tidlegare arbeidsformer utan store kostnader, som vil kunne slå negativt ut på museumstilbodet vårt, forklarer Fiskå.

Vi skal òg bidra til kompetanseutvikling

Prosjektleiar og museumspedagog, Marianne Hægstad Risdal, formidlar realfagskunnskap til elevar på Talentsenter i realfag på Vitenfabrikken i Sandnes hausten 2024

To av våre museum er også vitesenter, så det forpliktar oss å auke den generelle teknologi- og naturfagsforståinga i samfunnet, spesielt i møte med KI-revolusjonen.

– Folk veit ofte ikkje kva KI er eller korleis det verkar. Me kan vera ein arena der teknologien ikkje berre blir brukt, men forklart og diskutert – også dei etiske og sosiale sidene.

-Og sjølvsagt skal me fortsetta, KI-revolusjon til tross, å auka naturfagleg kompetanse blant barn og unge. Det er viktig å ikkje gløyma bort det fundamentale i møte med noko nytt og spennande.

Miljø og natur: Små skapningar med stor betydning

På Grødaland i H¨kommune skal naturmangfald studerast som ein del av det internasjonale forskingsprosjektet BUTTERFLY

Jærmuseet er òg med i det europeiske forskingsprosjektet BUTTERFLY, i lag med blant anna UiB og fleire europeiske forskingsinstitusjonar, som handlar om mangfaldet blant insekt på global basis – og korleis dette påverkar naturen, landbruket og samfunnet vårt.

Fiskå peiker på at mykje av økosystemet vårt er avhengig av små samspel – som at enkelte planteartar berre spirer etter å ha passert gjennom fordøyelses-systemet til bestemte fuglar.

– Når folk seier at dei vil utrydde hjortelusfluger pga. dei er til ulempe på tur i skogen, forstår eg kvifor, som den friluftsentusiasten eg er – at dei er irriterande. Men desse er også mat for fuglar som igjen held andre delar av naturen i balanse.

Museumshandverkar Håvard Obrestad Wæien og driftskoordinator Hans-Arvid Grødeland i arbeid med å vedlikehalda uteområdene på Limagarden i Gjesdal kommune, vår 2024

– Alt heng saman, og musea har ei rolle i å forklare desse samanhengane, derfor er eg stolt over at ein me er ein institusjon som kan vera ein brubyggjar mellom den synkande globale insektsbestanden grunna menneskelege naturinngrep og korleis vanlege folk kan forstå korleis dette heng i hop og kva ein kan gjera, eller ikkje bør gjera.

– Dei fleste trur til dømes at honningbiene er dei viktigaste pollinatorane, og det kan vera freistande å setja opp ein bikube i eigen hagen men dei ville biene gjer ein heilt avgjerande jobb og blir dessverre pressa ut av både honningbier og endringar i naturen, seier Fiskå.

-Og den kunnskapen, om små ting som påverkar dei store, dei skal me fortsette å jobba med i tida framover.

Globale endringar i museumsframtida


Samfunnsutvikling skjer i ulikt tempo verda over, og nokre plasser står utviklinga på stadet kvil, medan andre plasser går han bakover.

-nokre museum jobbar under okkupasjon, medan andre under streng sensur, sistnemnde rammer også institusjonar i det globale nord, fortel Fiskå og held fram.

F.v: Jærmuseet direktør Atle Fiskå, avdelingsdirektør Eirik Gruandsrud, Kulturminister Lubna Jafferey, leiar av venneforeningen flyhistorisk museum sola Egil Endresen og medlem Ole Johan Berg opning av nytt foajebygg 9. april 2025

-Me har i 2025, sett korleis kultur, forsking- og utdanningsinstitusjonar sin ytringsfridom har blitt kraftig innskrenka i land me i Noreg ofte har sett til for demokratiske prinsipp.

– me har ei aktiv samfunnsrolle og me må ikkje vere redde for kva me formidlar, eller for å ta stilling til kontroversielle spørsmål.

-Det er gjennom open, modig og kritisk formidling og meiningsutveksling at musea verkeleg gjer ein forskjell – både lokalt og globalt på tvers av ulike samfunn som raskt vert endra, avsluttar museumsdirektøren.