Ny utstilling opna på Haugabakka 11. oktober

11. oktober 2015 - 11. november 2015
Haugabakkavegen 9, Kleppe
Vaksne kr 30

 

«Viva Basket! – Fletting i Polen og Norge» er ei utstilling om flettetradisjonar i Noreg og i Polen. I denne utstillinga kan me studera  noko av det mangfaldet av flettverk og tradisjonar som finst i korger og anna flettverk frå fleire stader i Noreg, Polen og andre stader i verda. Store og små pryd- og nyttegjenstandar: korger, møblar, reiskapar og klede, det er mange variasjonar i materiale, teknikkar og fletta produkt!

Utstillinga opna på Haugabakka i Klepp sundag 11. oktober kl. 12 og vil vera open kvar sundag til og med 15. november.

 

10553631_877159548968994_8597477565449730954_n

VIVA BASKET er både eit dokumentasjonsprosjekt og ei vandreutstilling, laga i samarbeid  mellom to norske og ein polsk deltakar. Prosessen heilt frå materialet vert henta i naturen og fram til ferdig produkt vert følgd gjennom film, foto og intervju. Utstillinga er teksta på norsk, polsk og engelsk.

I utstillinga får me møta både norske og polske handverkarar som har deltatt i prosjektet og lært bort sine handverksteknikkar. Frå vår region bidreg Anne Holth Larsen og Bjørg Njå  i utstillinga og prosjektet samt produkt frå Døsen Pilgard og Klara Pil er utstilt.

10353514_966342260050722_9066059247539366811_o_r

 

Samson Ovstebo_Fot. Rafał Soliński_3r

I samband med utstillinga vil Jærmuseet skipa til kurs og aktivitetsdagar med fletting.

Følg med på nettsida vår for informasjon om fleire arrangement.

Vel møtt til utstilling og aktivitetar på Haugabakka!

VIVA BASKET er produsert av Sunnhordland Museum i samarbeid med Søre Skogen Gard og Serfenta Association i Polen.