Spennande med vrakfunn i Varden!

Etter stormar og uver er det alltid spennande å gå tur langs sjøen. Det er mykje rusk, rask og interessante ting som dukkar opp. Andre helga i 2017 var det mange som oppdaga ein større del av eit vrak rett sør for Varden mellom Brusand og Ogna. Dette har skapt engasjement både blant turgåarar, vrakentusiastar og i media.

NRK Rogaland var og filma vraket. Foto: Ingeborg N. Skjærpe, Jærmuseet

Vraket er ikkje langt frå redningsmuseet i Varden. Her har Jærmuseet teke vare på utstyr frå redningsstasjonane på Jæren. Opptakten til redningsstasjonane var då Skonnertbriggen Magdalene Christine forliste utanfor her i 1852. Det var eit forferdeleg uver og folk som samla seg på land hadde ingen mulegheit til å redda mannskapet om bord og dei fleste drukna. Det vart då sett i gang arbeid med å skaffa redningsutstyr på særleg utsette stader langs jærkysten. Og i 1854 var dei første stasjonane  på plass.

Tysdag 10. januar var Jærmuseet med NRK Rogaland på reportasjetur til funnstaden. Her var Anders Haver og Jan Wiig med. Desse to er særs interesserte og kunnskapsrike når det gjeld båtar og forlis. Anders Haver har samla mykje informasjon om det som har føregått langs jærkysten. Då det tysdag kveld vart meldt storm onsdag ettermiddag, mobiliserte Haver og Wiig til bergingsaksjon. Onsdag morgon møtte fleire frå Jærmuseet opp saman med Haver, Wiig, Hå kommune og Stavanger maritime museum. Ved hjelp av traktor og rett før havet tok skipet tilbake, fekk ein teke det opp på land og inn i Jærmuseet sin lastebil. Vraket vert nå oppbevart på Nærbø inntil vidare.

To marinarkeologar frå MUST / Stavanger Maritime museum, Arild Skjæveland Vivås og Edgar Wroblewskim, har dokumenterte funnet. Alt tyder på at det kjem frå ein båt som er bygd på 1800-talet eller tidlegare.

Det hadde vore veldig spennande om dette kunne vera Magdalene Christine!!

Det er ein interessant historie som er direkte knytt til museet i Varden. Det vert veldig spennande å følgja saka vidare. Er det muleg å datera skipet meir nøyaktig? Kva vil skje med vrakrestane? Hå kommune skal saman med Jærmuseet og Stavanger Maritime Museum diskutera planane vidare for kva som skal skje med skipsvraket. Men nå er det godt at det er på land – og det kan me takka entusiastar for!

Om funnet i media:

NRK Rogaland – bergingsaksjon

Stavanger Aftenblad

Jærbladet