Når du besøker museet i Varden, bør du òg ta ein kikk på området rundt. Her er gode mulegheiter for naturstudiar og fot- eller sykkelturar.

Varden ligg akkurat på grensa mellom det flate Jæren og det kuperte Dalane, og byr soleis på eit variert landskap. Her er du like ved sjøen med nydelege sandstrender, sandkuler, knausar og holmar. Jærstrendene landskapsvernområde byr på eit rikt plante- og fugleliv.

Nordsjø-sykkelruta går gjennom campingplassen. Om du vil reisa kollektivt, så er det trygt og enkelt å koma seg til togstasjonar på Brusand eller Ogna. Her er sykkelsti i begge retningar.