Om Varden

Jærkysten kan vera vêrhard og nådelaus. Her har gjennom tidene skjedd mange dramatiske forlis.

Mange sjøfolk omkom i brenningane utanfor Jæren, og mange slags vrakgods kunne reka i land langs strendene. Allereie frå 1500-talet har ein forteljingar om at jærbuen, etter ei natt med skikkeleg uver og storm, kunne få hand om eksotiske varer som raudvin, sjokolade, sukker, ”peber og anden saadan speceri” – som var meint for borgarskapet i byane.

På strandgardane var det vanleg at skipsplank eller ”skjeve kahyttsvindu” var brukt i bygningane. Sjølv om vrakgods kunne vera kjærkome her på det skoglause Jæren, så var det grusomt når folk omkom. Fram til midten av 1800-talet fanst det ikkje redningsutstyr. Forlisa skjedde ofte i så dårleg vêr at det var uråd å koma ut med båt. Folk på land stod hjelpelause og såg at mannskap og passasjerar drukna.

Frå midten av 1800-talet blei det arbeidd for å skaffa redningsutstyr til Jærkysten og dei første redningsstasjonane vart oppretta i 1854.

Varden sjøredningsmuseum ligg på området til Ogna Camping
, ved R-44. Museet opna i 1977 for å ta vare på og dokumentera utstyret til redningsstasjonane på Jæren.

Redningsstasjonane
Den 7. januar 1852 forliste skonnertbriggen «Magdalene Christine» av Bergen på Brusanden. Det var eit forferdeleg vêr med storm frå vest-sydvest. Etterkvart samla det seg mykje folk på land. Desse stod ikkje meir enn ca. 50 meter frå skipet, men kunne allikevel ikkje gjera noko. Bølgene gjekk så voldsomt og dei hadde ikkje utstyr å hjelpa seg med. Etter få timar var båten sundbroten. Fem mann drukna.

Konsul Tønnes Houge Puntervold var vitne til denne tragiske hendinga. Han skildrar dette i dagboka si: … jeg gjorde alt jeg formaaede til disse arme menneskers Frelse. Stakkars folk. Deres hjerteskjærende skrig glemmer jeg aldrig… Etter dette forliset vart det skrive avisinnlegg, og den 12. januar sende 33 Stavanger-skipparar eit brev til Marinedepartementet, med bøn om hjelp til å skaffa redningsutstyr til Jærkysten

Dette var opptakta til sjøredningsstasjonane. I april vart det ved Kongeleg Resolution bestemt at det skulle opprettast stasjonar langs kysten, Fyrdirektøren fekk ansvaret. Han bestemte kor dei skulle leggjast, og leverte ut rakettutstyr til desse stasjonane på Jæren:

Refve, Obrestad, Husveg og Kvalbein i 1854.
Seinare kom Raunen i 1896 og Vik i 1897.

I 1891 vart Norsk Selskap til Skipsbrudnes Redning (NSSR) oppretta. Kvinneforeininga deira i Stavanger samla m.a. inn pengar til redningsbåten «Tryg» som vart stasjonert på Kvalbeinsstranda i 1894.

I 1933 overtok redningsselskapet (NSSR) alle stasjonane av staten. Utetter 1900-talet fekk Redningsselskapet nyare utstyr; først redningsskøyter og seinare helikopter. Det var då etterkvart ikkje lenger bruk for redningsstasjonane. I 1977 var alle utanom Reve nedlagte. Ein del av utstyret frå desse vart tekne vare på og samla i museet i Varden som opna same år.