Familiedag med jubileum

Me er nå i full gang med å planleggja ny familiedag i Varden.

Den vert 25. mai kl 12 – 16.

I år håpar me å få til stor redningsaksjon med både nytt og gamalt utstyr. Det vil seia at me vil bruka utstyret frå dei gamle redningsstasjonane langs kysten til å redda folk opp frå sjøen. Me håpar og å få besøk av både redningshelikopter og redningsskøyta.

Me vil i år og markera fleire jubileum. Det er grunnlovsjubileum. Det er 160 år sidan dei første redningsstasjonane vart oppretta, redningsbåten Trygg er 120 år og det er 100 år sidan Consul Tønnes Houge Puntervold døydde.

Meir info kjem etterkvart. Alle velkomne – set av dagen nå!IM 0163a