Familiedag i Varden 2014

nett090614mgr 081 Large

Sundag 25. mai er du velkommen til stor redningsdag i Varden. Her kan de sjå korleis folk vart berga iland frå skipsforlis for 150 år sidan. Og de får sjå korleis folk vert redda i dag. Me vil altså bruka utstyret frå dei gamle redningsstasjonane på Jæren. I Noreg var det kun på Jæren og på Lista at dette vart brukt. De får sjå korleis lina vart skoten ut og alt tauverk med inn- og uthalerlina og redningsstol vart montert. Så vart ein og ein person hala inn til lands.

Etterpå får me besøk av redningshelikopter frå 330 skvadronen på Sola og redningsskøyta i Egersund. Dei vil syna korleis redning føregår idag. Her er sjølvsagt eit lite forbehold om at dei ikkje må ut på oppdrag.

Arrangementet føregår inne på området til Ogna Camping. Her finn du redningsmuseet som syner litt av den lokale redningshistoria. Rundt museet vert det mange aktivitetar for store og små. Og ikkje minst sal av pølser, lappar, kaffi og saft.

De kan laga papirrakettar og skyta opp med trykkluft, sugerøyrsrakettar, byggja småbåtar, rebusløype, helsa på Eliasbåten, tauarbeid, motorar, utstillingar m.m.

Det vert og tur frå Kvassheim til Varden «Langs farleg strand» med los Egil Harald Grude.NB! Denne startar frå Kvassheim kl 10.30 ( ikkje 11.30 som det står på plakaten)

25. mai skjer ting du bare kan vera med på kvart 5. år!. Så ikkje gå glipp av denne dagen!

Her er fleire bilete til inspirasjon. Dei fleste frå redningsdagen i 2009:

nett090614Bmgr 001 Largenett090614Bmgr 006 Largenett090614mgr 025 Largenett090614mgr 060 Largenett090614mgr 072 Largenett090614mgr 075 Largenett090614mgr 086 Largenett090614mgr 106 Largenett090614mgr 131 Largenett090614mgr 135 Largenett090614mgr 155 Largenett090614mgr 182 Largenett20090614RednIIB 002 Mediumnett20090614RednIIB 038 Mediumnett20090614RednIIB 046 Mediumnett20090614RednIIB 127 Mediumnett20130512ins 093