Jærkysten er open og vindhard. Korleis har det vore å ferdast på sjøen langs kysten her? Korleis har det vore for dei som budde nærast sjøen når ver og vind herja og båtane gjekk på grunn? Her får de høyra historia om stormar, båtar, forlis og redningsarbeid.
Kort om opplegget:
Samtale om sjøvettsreglar og navigering før og nå.
Kva vil det seia å forlisa?
Redningshistoria og utstyret som vart brukt
- Prøv redningsstolen
- Lag tau på reperbanen – knyt ”knop og stikk”
- Kor langt greier du å kaste redningslina?
Kompetansemål:
Aktivitet i ulike rørslemiljø (kroppsøving):
- visa evne til samhandling i ulike aktivitetar
Historie (samfunnsfag)
- fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg
- skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskaper før og no
Geografi (samfunnsfag)
- beskriva og forklara natur og kulturlandskapet i lokalsamfunnet.
Målgruppe: Opplegget kan tilpassast både barnehage og alle trinn i grunnskulen
Tidsrom: Etter avtale i perioden mai – september
Pris: Gratis
Tid: Omlag 2 timar
Bestilling eller spørsmål:
tlf: 95743682
epost: ins@jaermuseet.no