Denne sundagen inviterer me til ein spennande og lærerik aktivitetsdag med tema sjøredningshistorie. Familiedagen vert arrangert ved Kvassheim fyr, og passar for både små og store som vil oppleva kystkultur, historie og aktivitetar i unike omgjevnader.
Her kan de oppleva fyret og historia knytt til det på nært hald. I tillegg byr me på ei rekke kjekke aktivitetar – spesielt for born!
Eliasbåten kjem også, klar til å glede dei minste.
Lær meir om Ingermanland, det russiske skipet som dreiv frå Kristiansand og havarerte ved Jæren i 1842. Bli med inn i museet og høyr spanande forteljingar om sjøredning langs Jærkysten.
I løpet av dagen kan du:
- Byggja din eigen båt – og testa han på vatnet!
- Laga rakett og sjå kor langt den fyk.
- Delta i sporløype, spleising, tauringar og mykje meir.
- Møte ornitolog Øyvind Gjerde som fortel om trekkfuglar på Jæren.
- Besøka kaféen på Kvassheim fyr for god mat og drikke.
Guida tur frå kl. 12: Sjøredningshistorie ved Egil Harald Grude
Medarrangørar:
Jæren friluftsråd, Besøkssenteret Våtmark Jæren, Hå historielag og Jæren kystlag.