Velkommen til ein gild og tradisjonsrik redningsdag i Varden – etter fleire år med koronaopphald!
Varden sjøredningsmuseum ligg på området til Ogna camping. I og rundt museet denne dagen kan du bli med på:
- Bli med inn i museet og høyr spennande forteljingar om sjøredning langs jærkysten
- Opning av Thore Refve med eit regningsgevær kl. 12.00
- Møt ein av forfattarane bak den nye boka om loshistorie i Norge, Eirik Gurandsrud
- Høyr om redning på gamle måten – og test redningsstolen
- Møt Eliasbåten
- Lag ditt eige tau på reperbanen
- Bygg din eigen båt og test den på vatnet etterpå
- Lag din eigen rakett og sjå kor langt den fyk av garde
- Opplev lyden og lukta når båtmotorane startar opp
- Sporløype, spleis, tauringer og mykje meir.
Sal av lappar, pølser, kaffe og saft.
Billettar: Barn gratis / vaksne kr. 40. Jærmuseet sitt årskort kan nyttast denne dagen
Parkering: Me oppmodar dei som kjem med bil om å parkera på Brusand eller Ogna og gå bort til området. Det går òg fint å ta toget til Brusand stasjon og gå derifrå.
Arrangørar: Jærmuseet, Hå historielag, Jæren Kystlag, Sirevåg dykkerklubb, Ogna camping og Reve redningsstasjon