Bygg ditt eige spektroskop

Tilpassa læreplanen 8.-10. trinn.

Anbefalt tid: 60 minutt.

Elevane får bygga sitt eige spektroskop som kan nyttast for seg sjølv eller saman med eit mobilkamera. Spektroskopet delar lys opp i dei ulike fargane det er satt saman av. Skinner lyset gjennom noko kan du bruke spektroskopet til å sjå kva fargar som blir absorbert. Me bruker spektroskopa til å skilje kaffi, forskjellege typar cola og andre tilsynelatande like løysningar frå kvarandre.

Me har med oss alt me treng til undervisninga. Opplegget kan haldast i eit vanleg klasserom. Det einaste me treng er ei stikkontakt eller to og eit søppelspann.

Send førespurnad