Me kan starta dagen med å halde eit realfagsshow. Innhaldet i showet vil stort sett variera ut ifrå dagsform, humør og tilgangen på egg.

Me kan finna på å steika egg ved 196 minusgrader, blåsa opp ballongar frå utsida, vakuumpakka elevar, lage skyer, sjå på lyd og sjølvsagt fyra av ein rakett eller to.

Showet vil gi ein smakebit på ulike emne innan kjemi, fysikk og matematikk. Ideen bak er å skapa undring og visa at desse faga kan vera morosame og overraskande.