Science Circus er Jærmuseet sitt omreiseande vitensenter - eit vitensenter på hjul! Me besøkar skular i heile Rogaland, og av og til er me innom Island og Færøyane.

Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk. Me prøver å stimulera alle delar av skulesamfunnet.

Jærmuseet Science Circus reiser i hovudsak rundt til skulane i Rogaland, men har òg vore på turnè både i Agder-fylka, i Island og på Færøyane. .

Besøk til skulane består ofte av show, interaktive eksperiment i matematikk , naturfag og astronomi og undervisning av elevar. Science Circus held òg lærarkurs. Alle elementa er bygd opp etter hovudmåla i Kunnskapsløftet.

Science Circus har som målsetting:

• Å gi elevane ei oppleving med realfag som dei hugsar
• Skapa nysgjerrigheit og visa at realfag er spennande
• At ein kan læra noko samtidig som ein har det moro

Eksperimenta og showet er oppbygd som appetittvekkarar med tanke på at elevane skal kjenna seg delaktige, kompetente, oppleva spenning, få vera aktive, leika og prøva sjølv – og ikkje minst å få noko å lura på – i naturfag og matematikk.

Det pedagogiske grunnlaget er vitensenterpedagogikken.

Science Circus utgjer saman med Vitenfabrikken og Vitengarden, vitensentersatsinga i Jærmuseet. I 2018 nådde Science Circus ut til nærare 13.000 elevar.