Skulebesøk

Ein dag med Science Circus

Ein dag med Science Circus kan sjå om lag sånn ut (kan tilpassast):

Les meir om show og utstilling.

Trykk her for å sjå kva undervisningsopplegg me kan tilby.

Eit besøk frå Science Circus er gratis.

Vil de ha besøk? Ta kontakt med Magne Hognestad, mho@jaermuseet.no, 952 94 536

Sjekkliste før besøket:

  • Me blir glade om de kan spandera lunsj og ein kopp kaffi eller fem.
  • Plass til å ha showet. Gymsal, aula e.l. Elevane sit godt på golvet.
  • Plass til utstillinga. Gymsal, mediatek eller anna litt stort rom. Kan og fordelast på to vanlege klasserom. 30 pultar eller 15 doble bord til utstillinga.
  • Me set pris på om nokre elevar kan hjelpe til med å få inn utstyret når me kjem, og hjelpe til med å setje opp utstillinga (og hjelpe til med å få utstyre ut i bilane att).
  • Enkelte av undervisningsopplegga har eigne krav til romma når det gjeld takhøgd, ventilasjon, vaskar eller størrelse. Sjekk om romma passer til opplegga de har bestilt. Me er fleksible her og kan som regel få det til på eit vis. Det meste kan fiksast med eit smil og litt gaffateip.