Me har ei mobil, interaktiv vitensenterutstilling. Denne inneheld 30-35 interaktive eksperiment som elevane kan besøka i lag med lærar.

Eksperimenta dekker mange forskjellige tema. Frå elektronikk, magnetisme og energi til matematikk og optiske illusjonar. Utstillinga kan setjast opp i gymsal eller andre rom med nok plass. For å nytta denne må me ha 30 pultar eller 15 doble bord på plass når me kjem.

Me set og pris på om de har nokre elevar som kan hjelpa til med å ta utstyret inn og hjelpe med å rigge utstillinga.