Bygg ditt eige spektroskop

Tilpassa læreplanen 8.-10. trinn.

Anbefalt tid: 60 minutt.

Elevane får bygga sitt eige spektroskop som kan nyttast for seg sjølv eller saman med eit mobilkamera. Spektroskopet delar lys opp i dei ulike fargane det er satt saman av. Skinner lyset gjennom noko kan du bruke spektroskopet til å sjå kva fargar som blir absorbert. Me bruker spektroskopa til å skilje kaffi, forskjellege typar cola og andre tilsynelatande like løysningar frå kvarandre.

Me har med oss alt me treng til undervisninga. Opplegget kan haldast i eit vanleg klasserom. Det einaste me treng er ei stikkontakt eller to og eit søppelspann.

 

Frå fagfornyinga: 

Naturfag: 

Etter 10.trinn:  

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
  • analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
  • bruke og lage modellar for å føreseie eller beskrive naturfaglege prosessar og system og gjere greie for kva styrkar og avgrensingar modellane har

Etter 7.trinn: 

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar
  • skilje mellom observasjonar og slutningar, organisere data, bruke årsak–verknad-argument, trekkje slutningar, vurdere feilkjelder og presentere funn
  • bruke og vurdere modellar som representerer fenomen ein ikkje kan observere direkte, og gjere greie for kvifor det blir brukt modellar i naturfag
  • reflektere over korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma

Send førespurnad