Science Circus på Island

Science Circus på Islandsturne
Science Circus var i oktober 2014 på turne i Reykjavik på Island. Dette er eit samarbeid mellom Science Circus og Husdyragardur i Reykjavik, som ein har fått støtte til frå Norsk-Islandsk kulturfond. Målet med Islandsbesøket er å utveksla erfaring, då spesielt innan realfags- og kulturformidling.

jentebil.jpg
Ivrige elevar frå Engjaskòli som bygger motorisert bil. Varierte løysingar på designet på bilane!

Skulebesøk og lærarkurs
Denne veka har det vore lærarkurs for 25 lærarar frå Reykjavik. Lærarane har fått fått prøvt seg på alt fra kjøkkenkjemi til rakettoppskytning.
Onsdag og torsdag har det vore besøk på to grunnskular i Reykjavik der Science Circus har hatt realfagsshow for heile skulen, samt undervisningsopplegg for utvalde klassar.
thorkell.jpg

Thorkell frå Husdyragardur har lova å ta med seg opplegga til resten av skulane i Reykjavik.

Neste veke skal Science Circus besøka tre nye skular i Reykjavik. Veka blir avslutta med naturfagshow på Husdyragardur på laurdag.

rakett.jpg
Oppskyting av papirrakett er ein populær aktivitet