Når Science Circus er på turnè med elektronikk som tema så vil elevane få prøva å bygga sine eigne løgndetektorar, og det vil vera elektronikk show for heile skulen. I tillegg vil skulen få utdelt ein eigen elektronikkoffert som inneheld koplingsbrett og fleire elektronikkforsøk.

Science Circus held óg lærarkurs i elektronikk, og alle lærarkursa er fullbooka. Det fyrste kurset blei halde på Vitengarden tysdag 4. oktober med 25 engasjerte deltakarar. Kursdeltakarane kjem frå Ølen i nord til Sokndal i sør.

Lærarkurs i elektronikkLærarkurs elektronikk 2

Bileta over viser lærarar på kurs i djup konsentrasjon om å laga ein elektrisk brytar.