Stjernevisning i planetarium

Overskya? Gjer ingenting! Me kan sjå stjernene i vårt mobile planetarium!

Tilpassa læreplanen 1.- 7. trinn

Anbefalt tid: 45 min

Elevane blir med inn i vårt mobile planetarium kor me ser på stjernebilleter og himmellekemar og snakkar om segn og myter frå ulike kulturar knytt til stjernehimmelen. Me lærer og kjenna igjen stjernebilleter og lærer korleis (og korfor) ein kan bruka stjernene til å finna vegen.

Vårt mobile planetarium er eit telt som er 5 meter i diameter og ca. 3 meter høgt. For å nytta planetariet treng me derfor eit rom som har fri takhøgd på 3 meter (pass gjerne på at det ikkje heng lamper i vegen!) og tilstrekkeleg med golvplass. Me har tidlegare hatt planetariet i mediatek, tomme klasserom, gymsalar, m.m. Ut over golvplass og takhøgd er det greitt om det er ei stikkontakt i nærleiken. Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med Fredrik, anten på telefon: 97 16 93 17, eller epost: fmk[snabel-a]jaermuseet.no

 

Kompetansemål f fagfornyinga me kan komme innom:  

Naturfag: 

Etter 10.trinn:  

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
  • analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar

Etter 7.trinn 

  • beskrive og visualisere korleis døgn, månefasar og årstider oppstår, og samtale om korleis dette påverkar livet på jorda
  • gjere greie for føresetnadene jorda har for liv, og samanlikne med andre himmellekamar i universet

Etter 4.trinn: 

  • utforske og beskrive kretsløpet til vatnet og gjere greie for kvifor vatn er viktig for livet på jorda

Etter 2.trinn: 

  • planleggje og gjennomføre undersøkingar av ver og himmelfenomen og samanlikne målingar, observasjonar og verteikn gjennom året

 

Ta gjerne kontakt med tema som skulen ønsker å ha fokus på.  

Send førespurnad