Varigheit: 90 minuttar, maks 30 elevar.
Passar for: Elevar som har programmert micro:bit tidlegare, som allereie kan laste ned programmer til micro:bit og som er klar for å programmera breakout board og ulike typar servo. Elevane skal sjølv kople fleire av dei ulike komponentane til breakout boardet med leidningar.
Førebuing før undervisning: Elevane må ha jobba med programmering med Micro:bit og ha erfaring med blokkprogrammering i makecode. Undervisninga legg ikkje opp til å læra elevane korleis ein lastar ned programmer til micro:bit når varigheita er 90 minuttar.
Elevane får tilgang til ei nettside (Google sites) kor dei finn ulike oppdrag som skal gjennomførast:
- Velkomsttekst på OLED skjerm
- Opna og lukka dør med servo
- Få motoren med vifta til å skru seg på når temperaturen overstig ein gitt temperatur lest av ein sensor
- Skru på lys når ein lyssensor merkar at det er mørkt
- Alarm som reagerer på lyd i huset
Har de nokre spørsmål tek de kontakt, me finn alltid ei løysning viss dine elevar ikkje har erfaring med micro:bit !
Frå læreplanen:
Naturfag, etter 10.trinn:
-
utforske, forstå og lage teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakar
-
bruke programmering til å utforske naturfaglege fenomen
Valfag programmering
-
bruke grunnleggande prinsipp i programmering, slik som variablar, løkker, vilkår og funksjonar, og reflektere over bruken av desse
-
analysere problema, gjera dei om til delproblem og gjera greie for korleis nokon av delproblema kan løysast med programmering