Tilpassa læreplanen 5.- 10. trinn
Anbefalt tid: 45 min
Elevane blir med inn i vårt mobile planetarium kor me tar turen ut i solsystemet for å sjå på månar, planetar og andre himmellekemar. Me kikkar nærmare på månen og månefasane og gjer oss kjend på andre planetar.
Vårt mobile planetarium er eit telt som er 5 meter i diameter og ca. 3 meter høgt. For å nytta planetariet treng me derfor eit rom som har fri takhøgd på 3 meter (pass gjerne på at det ikkje heng lamper i vegen!) og tilstrekkeleg med golvplass. Me har tidlegare hatt planetariet i mediatek, tomme klasserom, gymsalar, m.m. Ut over golvplass og takhøgd er det greitt om det er ei stikkontakt i nærleiken. Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med Fredrik, anten på telefon: 97 16 93 17, eller epost: fmk[snabel-a]jaermuseet.no
Kompetansemål frå fagfornyinga me kan komme innom:
Naturfag:
Etter 10.trinn:
-
stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
-
analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
Etter 7.trinn
-
beskrive og visualisere korleis døgn, månefasar og årstider oppstår, og samtale om korleis dette påverkar livet på jorda
-
gjere greie for føresetnadene jorda har for liv, og samanlikne med andre himmellekamar i universet
Etter 4.trinn:
-
utforske og beskrive kretsløpet til vatnet og gjere greie for kvifor vatn er viktig for livet på jorda
Etter 2.trinn:
-
planleggje og gjennomføre undersøkingar av ver og himmelfenomen og samanlikne målingar, observasjonar og verteikn gjennom året
Ta gjerne kontakt med tema som skulen ønsker å ha fokus på.