Leik med vatn

Anbefalt tid: 45-60 min

I dette opplegget leiker me med vatn og fargar. Elevane utforskar eigenskapane til vatn gjennom fleire små forsøk. Det er spesielt godt egna til småtrinnet, men kan gjennomførast heilt opp til vgs med små justeringar.

 

Opplegget kan gjennomførast i eit vanleg klasserom, men det er greitt å ha tilgang på ein vask. Det kan bli litt søling, så kanskje ein mopp ikkje bør vera så langt vekke.

Frå læreplanen:

  1. trinn
  • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knyte dette til eigne eller andre sine erfaringar
  • utforske og beskrive observerbare eigenskapar til ulike objekt, materiale og stoff og sortere etter eigenskapar
  1. trinn
  • undre seg, stille spørsmål og lage hypotesar og utforske desse for å finne svar
  • utforske og beskrive korleis nokre stoff kan endre seg når dei blir blanda med andre stoff

Send førespurnad