Leik med luft

3 - 2 - 1 - Fyr! Sjå opp for dalande papirrakettar

Tilpassa læreplanen 4.- 7. trinn, kan og gjennomførast på ungdomstrinnet

Anbefalt tid: 45 – 60 min

Gjer klar for å tella ned, for i dette undervisningsopplegget skal det byggast rakettar! Elevane lagar kvar sin papirrakett som dei får skyta opp ved hjelp av lufttrykk. For at raketten skal gå lengst mogleg må han vere godt konstruert. Elevane arbeider saman, to og to, om å bygga rakettane, men alle bygger kvar sin.

For å gjennomføra opplegget treng me eit vanleg klasserom, eller liknande, men bordplass/pultar til alle elevane. Me med oss alt anna som trengs av utstyr. Rakettane skyter me opp utandørs.

 

Frå fagfornyinga:  

 Naturfag: 

Etter 10.trinn:

  • gjere greie for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måtar å omdanne, transportere og lagre energi på

Etter 7.trinn: 

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar
  • skilje mellom observasjonar og slutningar, organisere data, bruke årsak–verknad-argument, trekkje slutningar, vurdere feilkjelder og presentere funn

Etter 4.trinn: 

  • undre seg, stille spørsmål og lage hypotesar og utforske desse for å finne svar
  • utforske teknologiske system som er sette saman av ulike delar, og beskrive korleis delane fungerer og verkar saman
  • designe og lage eit produkt basert på ein kravspesifikasjon

Send førespurnad