Tilpassa læreplanen 1.- 7. trinn
Anbefalt tid: 45 min
Dette er eit undervisningsopplegg som er utprøvd på alt frå barnehageborn til ungdomsskuleelevar og til og med fysikkprofessorar! Alle syns det er lika kjekt. Djupast sett handlar det om friksjon, stillings- og røyrsleenergi og til og med termodynamikk, men fyrst og fremst handlar det om å ha det kjekt og å samarbeida.
For å gjennomføra opplegget treng me eit klasserom eller annan stad som er stor nok til å husa elevgruppa. Me har ikkje behov for pulter, men det gjer heller ingenting om det er pulter i klasserommet. Me har med alt som trengs av utstyr.
Frå fagfornyinga:
Naturfag:
Etter 7.trinn:
-
stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar
-
skilje mellom observasjonar og slutningar, organisere data, bruke årsak–verknad-argument, trekkje slutningar, vurdere feilkjelder og presentere funn
Etter 4.trinn:
-
undre seg, stille spørsmål og lage hypotesar og utforske desse for å finne svar
-
utforske teknologiske system som er sette saman av ulike delar, og beskrive korleis delane fungerer og verkar saman
-
designe og lage eit produkt basert på ein kravspesifikasjon
Etter 2.trinn:
-
undre seg, utforske og lage spørsmål, og knyte dette til eigne eller andre sine erfaringar
-
presentere funna sine og beskrive korleis eleven har kome fram til dei
-
presentere eigne idear til teknologiske oppfinningar