Har du lyst til å programmere ditt eige spel ? Eit spel kor du skal få mest mogleg poeng på berre 10 sekunder ? Bli med på ein digital dobbeltime kor elevane programmerer eit arcade spill steg for steg.
Kort om opplegget
Kodekraft er eit undervisningsopplegg for elevar på 9. og 10. trinn innan programmering og energi.
Gjennom å laga eit energispel lærer elevane seg grunnleggjande programmering ,og må samstundes reflektera over verdas energiutfordringar.
Me speler spelet og dei som ynskjer kan programmera vidare. Elevane får tilgang til fleire oppgåver slik at dei kan utvikle spelet dei har starta på.
Gjennomføring
Kodekraft tek ein dobbel skuletime (90 minutt) med ekstraoppgåver som elevane kan gjera heime eller på skulen, om læraren ynskjer det.
Undervisninga kan gjennomførast på fleire måtar:
- Undervisninga kan vera digital, og elevane blir følgt gjennom opplegget av ein formidlar på eit vitensenter.
- Klassen kan kome til Vitengarden eller Vitenfabrikken og få undervisning der.
Programmering er knyte til algoritmisk tenkning, og ved hjelp av programmering kan ein koma fram til ulike løysningar gjennom bruken av datamaskin.
Les meir her. Meld klassen på her !
Frå fagfornyinga:
Naturfag, etter 10.trinn:
- bruke programmering til å utforske naturfaglige fenomener
Kompetansemål som kan brukast i etterarbeidet:
- drøfte koss energiproduksjon og energibruk kan påvirka miljøet lokalt og globalt
- gje eksempel på og drøfte aktuelle dilemmaer knytta til utnytting av naturressursar og tap av biologisk mangfald
Etter 8. trinn:
- utforske korleis algoritmar kan skapast, testast og forbetrast ved hjelp av programmering
Etter 9.trinn:
- simulere utfall i tilfeldige forsøk og berekne sannsynet for at noko skal inntreffe, ved å bruke programmering
Etter 10.trinn:
- utforske matematiske eigenskapar og samanhengar ved å bruke programmering
- Bruke grunnleggende prinsipper i programmering, slik som variabler, løkker, vilkår og funksjoner, og reflektere over bruken av disse
Forarbeid/etterarbeid
Elevane møter med opplada PC/Chromebook/Ipad til den digitale økta.
På vitensenteret kan klassen få låne PC.
Klasse/trinn: 9.-10. trinn
Tidsrom: Uke 3 – 50
Pris: Gratis – takka vera støtte frå Equinor Morgendagens Helter
Varigheit: 1,5 time
Praktiske opplysninger:
- Viss klassen vel å kome til Vitengarden/Vitenfabrikken kan dei fritt utforske dei andre utstillingane på vitensenteret før eller etter kodeøkta.