Gass på!

Me leiker oss med kjemi!

Tilpassa læreplanen 5.- 10. trinn.

Anbefalt tid: 50 min 

I dette opplegget leiker me med gassar. Opplegget består av to eksperiment/aktivitetar kor den eine er eit styrt forsøk (det vil seie at me følgjer ei oppskrift) mens det andre er meir opent og utforskande. Elevane bler utstyrde med frakk, vernebriller og hanskar og får koma tett på kjemien. Me snakkar om faseovergangar, kjemiske reaksjonar, faremerking og mykje meir.

Det er ikkje nødvendig å ha eit laboratorium tilgjengeleg for å gjennomføra opplegget. Det einaste me treng tilgang på er minst ein (men helst to eller fleire) vaskar, gjerne med litt høgde mellom krana og vasken. Me har med stort hell gjennomført opplegget både på naturfagrom, heimkunnskapssalar og klasserom.

Fordi det er litt jobb å rydda ned og setta opp undervisningsopplegget er det fint om me får 10-15 minutt mellom kvar økt om de ynskjer fleire økter på rad av dette opplegget.

 

Frå fagfornyinga: 

 Naturfag 

Etter 10.trinn 

  • delta i risikovurderingar knytte til forsøk og følgje sikkerheitstiltaka
  • utforske kjemiske reaksjonar, forklare massebevaring og gjere greie for betydningar av nokre forbrenningsreaksjonar
Etter 7.trinn 
  • lese og forstå faremerking og reflektere over formålet med desse
  • utforske faseovergangar og kjemiske reaksjonar og beskrive kva som kjenneteiknar dei

Send førespurnad