Passar for: 5. trinn t.o.m. VGS
Anbefalt tid: 45 minutt
Me har samla ein del av våre favoritt-matematikktriks i det som blir ein magisk matematikktime. Føremålet er å gje elevane ei oppleving av at matematikk kan vera magisk og kjekt heilt utan å bruke lærebøker, blyant eller papir. Dess eldre elevane er, dess meir av teorien bak triksa kan me forklara. For dei yngste elevane vil det vera meir som å vera på eit trylleshow, der dei får sjå at matematikk kan vera noko heilt anna enn brøk og algebra.