Tilpassa læreplanen 6.- 10. trinn
Anbefalt tid: 50 min
Elektriske kretsar er over alt rundt oss, men det er ikkje alle som har prøvd seg på å bygga sin eigen krets. I dette opplegget loddar me kretskort til LED-lykter. Elevane setter sjølv saman komponentane og lærer å lodde. Me lærer kva dei ulike komponentane (straumkjelde, brytar, motstand og lysdiode) gjer i kretsen. Og best av alt: elevane får med seg så mange LED-lykter som dei rekker å lodde i løpet av timen.
Me har med oss alt utstyret elevane treng til å lodda, inkludert loddestasjonar og komponentar. Til å gjennomføra opplegget treng me eit klasserom (eller anna rom) med fleire straumuttak. Har de eit rom med kontaktar på pultane (t.d. ein naturfagsal) så går jobben vår raskare, men me klarer oss og med eit klasserom med minst 3-4 stikkontaktar, og gjerne god ventilasjon.
Frå fagfornyinga:
Naturfag:
Etter 10.trinn
-
utforske, forstå og lage teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakar
-
bruke programmering til å utforske naturfaglege fenomen
-
utforske, lage og programmere teknologiske system som består av delar som verkar saman
-
reflektere over korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma