SPØD

Ei utstilling om heimelaga barneklede

27. oktober 2016 - 27. november 2016
Klepp Bygdemuseum, Haugabakkavegen 9, Kleppe
Strikking og heimestrikka klede er topp mote og meir populært enn på lang tid. Til  denne utstillinga har me henta fram gjenstandar frå eiga samling. I samarbeid  med Orre og Bore Bygdekvinnelag, Jæren Husflidslag, Klepp Historielag og Klepp kommune har me og fått låna mange fine strikkeplagg  i privat eige.  Utstillinga  har  smakebitar frå ein del tiår bakover i tid då strikking var viktig for å produsera klede til heimen og til dagens strikking med mange nye arenaer.

Aktivitetar: Delta på ein liten dugnad,  med felles innsats spøter me  babyteppe som skal sendast til Russland.

Utstillinga er open desse dagane: 30. oktober, 06. november,  12. og 13. november,19. og 20. november og  27. november.

12. , 13., 19. og 20. november kan du få med deg to utstillingar på Haugabakka, då  arrangerer Klepp Kunstforening kunstutstilling med arbeid av Herbert Toma i folgehuset.

img_0178r img_0095r img_0117r img_0175r

Glimt frå utstillinga

Nokre varme, gode, velbrukte barneklede frå Jærmuseet si eiga samling.

IMG_0222 IMG_0223
IMG_0226 IMG_0227