Strikking og heimestrikka klede er topp mote og meir populært enn på lang tid. Til denne utstillinga har me henta fram gjenstandar frå eiga samling. I samarbeid med Orre og Bore Bygdekvinnelag, Jæren Husflidslag, Klepp Historielag og Klepp kommune har me og fått låna mange fine strikkeplagg i privat eige. Utstillinga har smakebitar frå ein del tiår bakover i tid då strikking var viktig for å produsera klede til heimen og til dagens strikking med mange nye arenaer.
Velkommen til utstillingsopning søndag 30. oktober ved varaordførar i Klepp, Torbjørn Hovland kl. 13
Enkel servering.
Aktivitetar: Du kan vera med på fingerspøting, laga dusk og vera med på ein liten dugnad og spøta babyteppe som skal sendast til Russland.
Utstillinga er open desse dagane: 30. oktober, 06. november, 12. og 13. november,19. og 20. november og 27. november.
Nokre varme, gode, velbrukte barneklede frå Jærmuseet si eiga samling.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |