Om Grødaland

Her finn du husa etter to av gardsbruka på sine opphavlege tufter. Bygningane er frå 17- og 1800-talet. Opplev roen og stemninga i dei gamle stovene, og få eit innblikk i koss folk på sjøgardane budde og levde kring midten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. På aktivitetsdagane kan du få vera med på leik og ulike gjeremål knytt til arbeid og matstell i eldre tid.

Grødaland_vev.jpg
Historikk Hå Bygdemuseum

Grødaland er eit av anlegga som høyrde til Hå bygdemuseum. Hå bygdemuseum vart skipa i samband med samanslåinga av dei tre kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna i 1964.

Før det hadde Varhaug bygdemuseum drive eit aktivt innsamlingsarbeid frå slutten av 1950-åra. Då rådhuset på Varhaug vart bygd, vart gjenstandssamlinga stilt ut i kjellaren der. I Nærbø vart det arbeidd med skiping av bygdemuseum tidleg på 1950-talet. Eldsjeler i Nærbø fekk kjøpa husa på bruksnr. 1 «Gamlegarden» på Grødaland og samla der innbu og reiskap.
Grødalandstunet med innbu vart overført til Rogaland Folkemuseum i 1952, og Nærbø bygde-
museum vart avvikla. I 1958 vart bruksnr. 2 seld til Nærbø skogplantingslag og husa der vart òg overført til museet.
Grødalandstunet vart, saman med ei smie på Motland og kvernhus og naust på Nord-Varhaug, ført tilbake til Hå kommune i 1983.

1. mai 2002 overtok Jærmuseet drifta av anlegga til Hå bygdemuseum.

I 2005 vart storparten av gjenstandsamlingane frå Varhaug flytta til Jærmuseet sitt bygg på Kvia kor eit utval av gjenstandane er presenterte i studiemagasinet i utstillingshallen.

Tak gamlahuset

Gamlehuset
Gamlehuset er eit stort jærhus med endekammers. Den eldste delen av bygningane på garden er kammerset. Dette vart truleg bygd i 1715. Seinare vart huset på- og ombygd fleire gonger: 1791 og 1848. Ein kan fleire stader sjå spor etter skipstømmer frå strandingar utanfor Grødaland. Ser ein huset frå sida, ser ein at taket går lenger ned på baksida. Det var vanleg på gamle jærhus og vart kalla «sitoga».

Innvendig er romma plassert slik det var vanleg på den tida, med stove og bu på kvar si side av kjøkken og forstova. Dette huset vart nytta som bustad fram til andre verdskrigen. Huset er nå ført attende til slik ein meiner jærhusa var innreidde på midten av 1800-talet.

Stova
Stova var sjølve bruksrommet. Ho vart oppvarma av bileggjaren (ein jernomn som ein har funne på Jæren allereie på 1600-talet). Omnen vart fyrt frå grua i kjøkenet. Attmed omnen heng «strydå» der osen frå tranlampa eller «kola» steig opp. Elles finn ein senga til husbondfolket,
omnskråbenken, der ungane sov, glasbenken og det store bordet med forsete og høgsete. På veggen mot forstova heng mjølkehylla. På bordet under åt dei alle måltid.

Kammerset og endekammerset
I kammerset er det ein fin forseggjort bjelke i golvet. Den store steinen i golvet vart truleg liggjande då han vart for tung å flytta. Ved sida av kammerset finn ein eit lite kammers. Dette var tidlegare gang, men vart sidan det rommet som tenestejentene budde i. Vindauga her kjem truleg frå eit skip. Døra er datert 1791.

Koven
Kove var vanleg i dei gamle jærhusa. Den var oftast nytta til lagring av salt-
og flesketønner, mjølk og annan mat. Her er koven delt i to. Den eine delen har vorte til inngang for litlekammerset. Resten vart nytta i tilknyting til kjøkenet. Her er bakstebordet hengsla til veggen. Det vart slått ned når det var i bruk.

Kjøken og spiskammer
I kjøkenet finn ein grua med holet der ein fyrte i bileggjaren. I det litle holet ovanfor kom røyken ut. Hylla over grua vart kalla mantel. Kjøkenet har ein eigen brunn og golvet er hellelagt. Spiskammeret eller mjølkerommet vart nytta til oppbevaring av ost, rømmekolle osv.

Bua
Bua var det finaste rommet i huset, ofte med gardin og malt pynt oppunder taket. I bua sto seng for framandfolk.
Dei beste gangkleda låg i kister eller hang langs veggene. Andre tekstiler vart og lagra her. Bua vart nok sjeldan
nytta som opphaldsrom, då det ikkje var omn her.

Forstova
Her finn ein trappa opp til andre høgda. I trappeoppgangen er det spikra nokre smale lister på veggen der ein m.a. stakk inn tolleknivar.

Skutane
Skutane var lagringsplass for torv som vart nytta til brensel. I søre skuten der taket er bygd inn i huset, er det ei stor skipsmast som held taket oppe.

Hagen Torehuset

Torehuset
Torehuset vart bygd i 1830. Samanliknar ein dei to husa vil ein tydeleg sjå korleis jærhuset har endra seg. «Sitoga» er no vekke. Koven og ein del av spiskammerset har vorte til stovekammers og buakammers. Kjøkenet har fått tregolv og vedomn, men har òg her eigen brunn. Trappa i forstova er dreia i ein annan retning og i golvet ser ein lemmen ned til potetkjellaren.

Bruken av romma var stort sett den same som i gamlehuset, men bua har her fått funksjon meir som ei bestestove. Senga til framandfolket står her framleis, men ein har fått buakammerset i tillegg, som eit ekstra soverom. På veggen i nordvestre kroken av bua finn ein inskripsjonen: «1831 TT og IJDG» som står for Tore Toreson og Ingeborg Jensdotter Grødaland. Dei vart gifte 24. mars 1830 og bygde Torehuset då garden vart delt mellom Ingeborg og broren. Dei budde her og fekk 12 born. Bua hadde framleis ikkje omn, men likevel åt dei julemåltida her.

Torestova er ein nyare del av huset. Den har fungert som ei kårstove, med eigen inngang. Det er òg spor etter skorstein. På loftet over Torestova ligg ein verkstad. I dette huset har det budd folk til slutten av 1950-åra.

I dag er Torehuset innreidd slik familien levde i 1920-30-åra.

Løene
Den eldste løa blei øydelagt i storm i 1969, men Rogaland Folkemuseum bygde henne opp att då dei overtok bruket. Ein legg merke til at det ikkje er låvebru på denne løa, noko ein finn på løa som høyrer til Torehuset.

Løene er grindabygde. Ser ein på reisverkkonstruksjonane i løene, ser ein at det stort sett er skipsmaterial. Her fins både master, rær og dekksbjelkar.

Området rundt
Museet på Grødaland ligg nydeleg til med utsikt over sjøen. Her er eit fint utgangspunkt for turar på Kongevegen. Kongevegen er ein tursti langs sjøen frå Husvegg til Nærland. På Grødaland er det gode parkeringstilhøve og merka sti til turvegen både gjennom Grødalandskogen og gjennom tunet. Turen sørover til Husvegg er til dømes 4,9 km og nordover til Obrestad hamn er det 2,5 km. Det er rullesteinstrender i dette området. Her er noko av den finaste rullesteinsvegetasjonen i Noreg. Dette området inneheld 176 ulike planteartar i tillegg til ein del mosar og ein rik algeflora i sjøen utanfor (Thomsen1996; Kongevegen i Hå).

Kolboring

På Grødalandstranda finn ein eit minnesmerke etter kolboringa på Grødaland. I 1873 vart det bora 133 meter ned, like til grunnfjellet, utan å finna kol. Langs turvegen finn me mellom anna gravfelt og gravhaugar, merke etter skipsopphogging, støer, naust, kvernhus og tørkehus. I boka Kongevegen i Hå er strekningane langs turstien godt skildra og det er kart med lokale namn.

Frå parkeringsplassen er det òg merka sti inn til «stemmen» i Grødalandskogen. På vinteren kan det vera bra skøyteis der. Ellers er det eit rikt fugle-, plante- og insektsliv rundt vatnet her. Det er Nærbø Skogplantingslag som eig skogen. Den er planta på 1960-talet på jorda som hadde tilhøyrt Toregarden.