Frå robotplen til blomstereng

Å erstatta plen med blomstereng eller å anlegga blomstereng i frodig kulturlandskap er ikkje lett. Er det mogleg å få det til utan å skifta ut jorda?

Nedanfor kan du fortløpande sjå kva tiltak me gjer og korleis blomsterenga utviklar seg. Prosjektet starta mai 2023 og er økonomisk støtta av Statsforvaltaren i Rogaland. Frå 2025 er det også med i EU-prosjektet Butterfly.

19.august: No er det på tide å slå blomsterfelta! Det som skulle frø seg har forhåpentlegvis gjort jobben sin, og derfor slår me no og fjernar det klipte med ein gong.
#blomstereng #frårobotplentilblomstereng #grødaland #grødalandstunet #museum

...

6 0

#frårobotplentilblomstereng | #blomstereng

Me takkar elevar frå Motland skule for hjelp til å etablera prøvefeltet!