Roll-in av Sea King 060

8. juni 10.45 - 12:45
Flyhistorisk Museum Sola, Sola Prestegårdsveg 170, Sola

Sea King 060 skal ut på sin siste reise frå Sola sjø til Flyhistorisk Museum Sola. Alle er velkomne til å sjå helikopteret når det vert flytta over riksvegen. Vegen vil bli stengt så møt opp i god tid før kl. 11.00 om du vil få det med deg.

Når Sea King’en er flytta, vil det bli eit par talar utanfor museet før det vert kake og kaffi til frammøtte. Mellom kl. 12.00 og 12.30 vil SAR Queen ta ein overflyging over museet.

 

Bakgrunn:

Justis- og beredskapsdepartmentet har donert tre Sea King helikoptre til Luftfartsmuseet i Bodø, Forsvarets Flysamling Gardermoen og Jærmuseet avd. Flyhistorisk Museum Sola. Søk- og redningshelikopteret Sea King har tenestegjort i Norge i heile 50 år, frå 1973 til 2023, og er kjent for dei fleste for sin sentrale rolle i redningstenesten over heile landet. Sea King vart drifta av Luftforsvarets 220 skvadron, og var fast stasjonert blant anna på Sola flystasjon. I 2023 blei Sea King bytta ut med helikoptertypen SAR Queen.

Helikopteret som nå skal til Flyhistorisk Museum Sola har halenummer 060, og er det eldste helikopteret av denne typen. 060 har vore med på fleire av dei store redningsaksjonane i landet, blant anna Aleksander Kielland-ulykka i Nordsjøen i 1980.

Saman med museet øvrige helikoptre så kjem Sea King 060 til å få stor betydning for museet si formidling av helikoptra si viktige rolle i regionen – både knytta til søk- og redningsarbeid men óg rolla i transport til/frå Nordsjøen.

 

Foto: Ole Johan Berg