Bygg di eiga RGBK-lykt

Tilpassa læreplanen 8.-10. trinn.

Anbefalt tid: 90 minutt.

Elevane lagar her ei Raud-Grøn-Blå Kvit-lykt som kan nyttast til fargeblanding. Blandast raudt, grønt og blått lys vil våre auger oppfatte lyset som kvitt. Kretsen har LED med alle dei tre primærfargane og ei kvit referanse-LED.

Me har med oss alt utstyret elevane treng til å lodda, inkludert loddestasjonar og komponentar. Til å gjennomføra opplegget treng me eit klasserom (eller anna rom) med fleire straumuttak. Har de eit rom med kontaktar på pultane (t.d. ein naturfagsal) så går jobben vår raskare, men me klarer oss og med eit klasserom med minst 3-4 stikkontaktar, og gjerne god ventilasjon.

Send førespurnad