Science Circus ute på turné

Science Circus ute på turnéScience Circus er for tida ute på turné med show og eksperiment. Dei to fyrste vekene i desember besøker Science Circus fleire skular i Lillesand og Grimstad.

I løpet av ein dag så får alle elevane på skulen testa seg på fleire måtar i over 20 eksperiment, og under showet prøver me blant anna å blåse opp ein ballong frå utsida, sette fyr på ein ballong og teste ut litt matematikk ved hjelp av elevane.