Leik med energi

Tilpassa læreplan: 5.-10. trinn

Anbefalt tid: 60-90 min

I dette opplegget skal me leika oss med kondensatorar, motorar, solceller og generatorar. Elevane skal bygga klatremaskinar som klatrar opp ein taubane ved hjelp av energien i ein kondensator eller gjennom å lysa på ei solcelle. Det blir mykje utforsking og bruk av kreativitet for å få maskinen heilt til toppen.

Utstyret til dette opplegget kan og lånast av skulen i nokre veker. På den måten kan elevane jobba vidare med prosjekta sine, eller setta i gang med nye. Utstyret kan brukast til fleire oppgåver enn det me får tid til på besøket.

Opplegget er spesielt godt tilpassa den generelle delen av læreplanen med tanke på  utforsking, undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking, men dekker også desse kompetansemåla:

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar
  • utforske, lage og programmere teknologiske system som består av delar som verkar saman
  • analysereog bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
  • gjere greie forenergibevaring og energikvalitet og utforske ulike måtar å omdanne, transportere og lagre energi på

Send førespurnad