Elmag

Tilpassa læreplan: 5.-7. trinn

Anbefalt tid: 60-90 min

Gjennom fleire små utforskingsstasjonar får elevane undra seg over temaene elektrisitet, magnetisme og elektromagnetisme. Dei får blant anna kopla enkle kretsar, utforska eigenskapane til magnetar, sjå korleis generatorar fungerer og laga enkle elektromotorar.

Opplegget fungerer spesielt godt som ein oppstart til temaet og gjer elevane knaggar dei klan bruke i vidare arbeid.  Skulen kan og låna utstyret vidare i nokre veker for å gå ennå meir i dybden på temaet.

Opplegget er spesielt godt tilpassa den generelle delen av læreplanen med tanke på utforsking og undring, men dekker også desse kompetansemåla frå 7.trinn:

  • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om korleis me utnyttar elektrisk energi i dagleglivet
  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar

Send førespurnad