Tilpassa læreplan: 4.-10. trinn
Anbefalt tid: 60-90 min
I dette opplegget utforskar me sjakkbrettet på ein litt uvanleg måte. Saman i par skal elevane løysa ulike problem på sjakkbrettet. I nokon problem brukar me sjakkbrikker, i andre ikkje. Det er derfor ingen krav om å verken vera god i eller lika sjakk frå før. Elevane får god øving i problemløysing, sjå etter mønstre og ikkje minst utforska saman i par.
Utstyret til dette opplegget kan og lånast av skulen i nokre veker. På den måten kan elevane jobba vidare med oppgåvene dei ikkje fekk gjort og gå meir i dybden på problema.
Opplegget er spesielt godt tilpassa den generelle delen av læreplanen med tanke på utforsking og problemløysing, men dekker også desse kompetansemåla:
- 4. trinn: utforske og beskrive strukturer og mønstre i lek og spill
- 5. trinn: diskutere tilfeldighet og sannsynlighet i spill og praktiske situasjoner
- 6. trinn: utforske og beskrive symmetri i mønstre
- 9. trinn: beskrive, forklare og presenterestrukturer og utviklinger i geometriske mønstre