Å brodera er ein eldgamal kunst og internasjonal tradisjon som framleis er levande.
I utstillinga ««Sting – til pryd og nytte frå nær og fjern» syner me litt av mangfaldet, det spesielle og fellestrekka i broderia frå ulike stader i verda og ulike tider.

Jærmuseet har hatt mange gode samarbeidspartnarar og fått låna spennande og flotte broderte gjenstandar frå privatpersonar. Broderte «skattar» frå Jærmuseet sine eigne samlingar er også henta fram til utstillinga.

Utstillinga er ei god blanding av gammalt og nytt, laga i Klepp, men òg broderi frå andre land som Somalia, Afghanistan og Palestina.

Utstillinga er laga i samarbeid med Klepp bygdekvinnelag, Orre bygdekvinnelag, Klepp historielag og Klepp kommune. Utstillinga er open kl 13 – 16 kvar sundag frå 16. oktober til og med 20. november.

Jærmuseet vil utvikla ulike undervisningsopplegg i samband med utstillinga.