Gamalt broderi med ny vri

Alle elevane i 8. klasse på Klepp Ungdomsskule besøkte utstillinga Sting på Haugabakka i januar.

Etter å ha studert broderia og funne svar på ein del spørsmål så sette dei igang med sitt eige prosjekt. Ut av gamle broderi frå gjenbruksbutikkar på Jæren trylla dei fram mobiltasker og liknande.

Kvar elev fekk velja eit broderi som dei ville bruka. Dei teikna monogrammet sitt på papir og så sydde dei det på «broderiet». Tilslutt skulle det monterast med fòr, kantar og snor – om dei ville. Dette siste måtte gjerast ferdig på skulen.

Engasjerte, kreative og flinke elevar og lærarar gjorde dette til veldig kjekke timar.